Slik Kalvø les statistikk

I innlegget Korleis skrive evangelium? http://framtida.no/articles/korleis-skrive-evangelium, først publisert i Aftenposten 15. desember 2012, viser Are Kalvø til dei som i adventstida meinte at det var “for lite Jesus på NRK”, som han uttrykkjer det. “Og det er det jo,” legg Kalvø til, utan å utdjupa om han dermed seier seg einig. I staden kjem han med denne påstanden: “Det er no ein gong slik at folk ikkje er så opptatte av denne Jesus”. Som sannhetsbevis for denne erklæringa, legg han på bordet statistikken som viser dei vanlegaste søka på Google i Norge i 2012. Frå denne vel Kalvø seg ut kva ord som er mest søkt på uavhengig av kategori, og dei mest populære søka som startar med ordet “hvordan”. Kalvø finn ikkje noko som handlar om Jesus her, og han konkluderer med at det kan vera på tide å laga ei ny desemberforteljing som kan erstatta det mange kjenner som Juleevangeliet frå Lukas 2 i Bibelen.

Hadde Are Kalvø teke seg litt betre tid med Google-statistikken, ville han ha funne at det norske folk slett ikkje er så blotta for interesse for det som har med Jesus å gjera, som han synest å meina. For Google har også sett på kva som er dei ti mest søkte “hva er”-spørsmåla, og på sjuande plass der står spørsmålet “hva er pinse?” Dette hoppar Are Kalvø bukk over – eller så oppdaga han det ikkje, om me skal leggja godhugen til – og det skal ein jo. Me skal ikkje svara på dette spørsmålet her, men må ha lov til å seia at når folk er så opptekne av å finna ut kva ei av dei kristne høgtidene står for (pinse blir ofte kalla for kyrkja sin fødselsdag), så kan dei ikkje vera utan interesse for personen Jesus.

1. juledag 2012 publiserte Aftenposten essayet Den skjulte minoriteten – konservative kristne i Norge http://www.aftenposten.no/meninger/spaltister/Den-skjulte-minoriteten–konservative-kristne-i-Norge-7075518.html av nytilsett spaltist Bjørn Stærk. Innlegget har same lengde som ti kronikkar, men i løpet av to dagar hadde 100.000 klikka seg inn på det på ap.no, og det var kome 390 kommentarar. Fram til fredag 28. desember, altså tre dagar etter at det vart publisert, hadde 164.000 vore innom essayet og i gjennomsnitt brukt seks og et halvt minutt på det. Mange hadde brukt mykje meir tid, og nokre hadde klikka seg inn fleire gonger.

Når så mange valde å bruka fritid i jula til å lesa ein tekst om Bjørn Stærk sine eigne erfaringar med kristendommen, og om tilhøvet mellom konservative kristne og verdiliberale, kan det vel heller ikkje vera eit uttrykk for at folk ikkje er opptekne av Jesus, Are Kalvø?

Diskusjonen om essayet gjekk varm på det sosiale mediet Twitter. Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i avisa Dagen kommenterte det mellom anna på denne måten: “Viktig lærdom: Religion engasjerer”, og kultur- og debattredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten svara slik: “Det visste vi. Også kristendom. Jeg skrev om Den norske kirke etter 22.7. på julaften i fjor. Temperatur som en islamdebatt.”

Forteljinga om Jesus som kom til jorda og vart både Gud og menneske, treng nok ingen erstattar, Are Kalvø, verken i desember eller andre månader. Kanskje du skulle ta eit søk – i nettbibelen?

Leave a comment

Blog at WordPress.com.

Up ↑