Er det feil i juleevangeliet?

Tidlegare forlagsredaktør Andreas Skartveit har eit interessant innlegg i Stavanger Aftenblad 27. desember http://www.aftenbladet.no/meninger/kommentar/Nar-vart-Jesus-fodd-3092713.html med overskrifta “Når vart Jesus fødd?” Her gjer han greie for tidsrekninga til Dionysios Exiguus frå det sjette hundreåret. Denne munken, matematikaren og astronomen tok utgangspunkt i fødeåret til Jesus, og tidsrekninga slo gjennom i europeisk vitskap på 1600-talet, skriv Skartveit. Det er ei kjent sak at Dionysios bomma nokre år på kva som var år null – altså Jesu fødeår, og vanleg oppfatning i dag er, som Skartveit skriv, at Jesus vart fødd ein gong mellom år 6 f.Kr. og år 4 f.Kr. (mellom anna fordi regjeringstida til Herodes den store (Matteus 2,1) enda i år 4 f.Kr.).

Men så er det at Skartveit byggjer opp eit resonnement om at evangelieforteljingane i Bibelen inneheld faktiske feil. Det er ein dristig påstand. Problemet til Skartveit er manntalet som Lukas refererer til i kap. 2,1. Under keisar Augustus (regjeringstid 27 f.Kr. til 14 e.Kr.) byrja ein i dei romerske provinsane å registrera innbyggjarane og eigedomane deira av skattemessige omsyn. Slike folketeljingar skjedde med om lag 14 års mellomrom. Skartveit slår fast, med uspesifisert referanse til “dei velorganiserte romerske arkiva”, at manntalet skjedde i år 4 e.Kr. Lukas fortel at manntalet var “medan Kvirinius var landshovding i Syria” (Lukas 2,2). Skartveit meiner at evangelisten her tek feil – ettersom Kvirinius først inntok denne posisjonen i år 6 e.Kr. og då ikkje kunne ha vore landshovding i Syria under manntalet – dersom dette skjedde i år 4 e.Kr. Endå verre blir det, meiner Skartveit, når ein held Lukas saman med Matteus. Sistnemnde skriv at Jesus vart fødd “i kong Herodes” dagar (Matt.2,1), og Herodes og Kvirinius regjerte ifylgje Skartveit ikkje samtidig. Regjeringstida til Herodes den store var frå år 37 til år 4 f.Kr. Kvirinius var landshovding i provinsen Syria i år 6 til 9 e.Kr.

Forskarane er ikkje samde om når det manntalet som Lukas viser til, skjedde. Studieutgåva til Det nye testamentet (Det norske bibelselskapet 2008) viser til den jødiske historikaren Josefus (fødd i år 37/38 e.Kr.), som fortel at Kvirinius gjennomførte ei folketeljing i år 6 e.Kr. Den britiske professoren Colin Humphreys viser i en artikkel kalt “Folketellingen” (Biblex – Hermons store bibelhåndbok, Hermon forlag 2005) til historikeren Orosius, som på 400-talet skreiv at keisar Augustus gav ordre om ei folketeljing i alle provinsar for alle menn. Orosius konkluderer: “ved den tiden ble altså Kristus født og ført inn i den romerske manntallslisten”. Ifylgje professor Humphreys kan det sjå ut til at den jødiske historikaren Josefus (37/38 e.Kr. til ca. 100 e.Kr.) refererer til den same hendinga. Denne folketeljinga handla ikkje om skatt (skatt blir ifylgje Humphreys ikkje nemnd i dei greske handskriftene til Lukas’ evangelium), men om truskapen til keisar Augustus. Josefus skriv at “da alle jøder forsikret keiseren og kongens regjering om sin velvilje, sverget ikke disse mennene (fariseerne), og de var omkring seks tusen”. Ut frå tekstsamanhengen hos Josefus, skjedde denne truskapsinnkrevinga til keisar Augustus om lag eit år før Herodes den store døyr, skriv professor Humphreys.

Kva for eit manntal er det då Lukas viser til? Dersom det er den Kvirinius gjennomførte i år 6 e.Kr., stemmer det ikkje med at det var medan Herodes den store levde. Men dersom det var denne truskapsinnskrivinga til keisar Augustus som professor Humphreys opplyser om, høver det godt med det Lukas fortel. Og sjølv om Kvirinius ikkje formelt vart landshovding før i år 6 e.Kr., hadde han oppgåver for keisaren som gjorde at han vart betrakta som militær landshovding i Syria før den tid (Studiebibelen, Illustrert Bibelleksikon AS, 1978). I år 11-7 f.Kr. kjempa han mot den opprørske stamma homonadane i mellom anna nordre Syria, og i år 6 f.Kr. blei han prokonsul for Pamfylia-Galatia. Professor Humphreys skriv òg at den greske setnadsbygginga i Lukas 2,2 er uvanleg, og at ei alternativ omsetjing til norsk kan vera slik: “Denne innskrivningen fant sted før den da Kvirinius var landshøvding i Syria”. Lukas var nemleg fullt klar over det manntalet som hadde med skatt å gjera i år 6 e.Kr. Det er omtala i Apostelgjerningane 5,37, som også har Lukas som forfattar.

Det er altså rasjonelle argument for å seia at Lukas og Matteus har sine ord i behald: Legg me til grunn at det var ei truskapsinnskriving til keisaren Lukas fortel om, er det ikkje urimeleg ut frå dei kjeldene eg har vist til, å konkludera med at dette var før Herodes den store døydde (stemmer då med Matt.2,1). Og sjølv om Kvirinius ikkje var landshovding i navnet før i år 6 e.Kr., var han det i gavnet før den tid (stemmer då med Lukas 2,1-5).

Dersom det skjedde slik professor Colin Humphreys skriv, vart Kristus fødd i år 5 f.Kr.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

Create a free website or blog at WordPress.com.

Up ↑

%d bloggers like this: