Ei sjeldan konsertmelding

Om ikkje Vamp har noko betre å visa fram av det dei har skapt sidan 2012, står bandet etter mitt syn i fare for å bli gløymt.

I går kveld (03.08.18) var kona og eg på gratiskonsert med Vamp på Blinkfestivalen i Sandnes. Diverre kan eg ikke seia at forventningene blei innfridde når eg ser tilbake på konserten som heilskap. Mange av dei for meg ukjente songene i første del av konserten, var i mine øyro særmerkt av umelodiøst og forvrengt «skrommel og skrammel».

Eg nemnde 2012. Då gav Vamp ut plata «Liten fuggel» (fogel på åkrask). To av dei sju songane eg vil trekkja fram som gode innslag på konserten – «Skål» (trass i tittelen!) og tittelsporet (ekstranummer på konserten) – er henta fra denne plata.

Av høgdepunkter elles må vi tilbake til plata «st. mandag» frå 2008, kor Vamp i Sandnes i går henta «På bredden» (etter mitt syn ein av deira aller beste) frå. «Kim du nå va?» kom ut på «Siste stikk» i 2005. Elles høyrer det sjølvsagt med å nemna klassikarar som «13 humler» (tittelspor på album frå 1996), fantastiske «Tir n’a Noir» frå det første studioalbumet – «God morgen, søster» frå 1993 og – under ein viss tvil – tittelsporet på album frå 2002, «Månemannen».

10. juni 2014 melde NRK at Torbjørn Økland, ein av grunnleggjarane av Vamp, gav seg i bandet saman med to andre musikarar. “Grunnen er at vi har vært uenige om den musikalske retningen”, opplyste den andre grunnleggjaren, Øyvind Staveland. Er det dette som no slår ut?

Eg har ikke kjøpt musikk (uavhengig av format) frå Vamp etter «Liten fuggel» i 2012. Konserten i går oppmuntra meg diverre heller ikkje til å gjera det. Dersom Vamp skal overleva dei som framleis hugsar (det meste!) av teksten til 28 år gamle «Tir n’a Noir», bør bandet snarast finna tilbake til det musikksporet som gav dei ein plass i hjarto våre.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

Up ↑

%d bloggers like this: